
- Katten sit
- i tunet
- når du kjem.
- Snakk litt med katten.
- Det er han som er varast i garden.
og då får du kanskje ein slik katt…
12 Nov

og då får du kanskje ein slik katt…
11 Nov
“Tear down this wall” eller “Riv ned denne muren” er talen tidlegare president i USA, Ronald Reagan, heldt til den tidlegare sovjetiske leiaren, M.Gorbatsjov , ved Brandenburger Tor 12.juni 1987. Litt over to år seinare fall muren. Det har vore mang ein diskusjon på kor mykje denne talen betydde for forholdet mellom USA og Sovjet på slutten av 1980-åra. “Tear down this wall” har skrive seg inn i historia som ein av dei mest kjende talane i verda, på lik linje med Obamas ”Yes we can” og Kennedys ”Ich bin ein Berliner”. 9.november 2009 var det 20 år sidan Berlinmuren fall. Høyr talen til Reagan, og kom gjerne med di meining; har elevane på vg1 nytte av å høyre denne talen?
10 Nov
Løve, Storting og flagg- er alle kjende nasjonalsymbol. Her skal du få svaret på korleis løvene vart laga.
“Gudbrand Mørstad vart fødd i Øystre Slidre i Valdres i 1829. Det var vanskelege tider, så då Gudband vart gamal nok, reiste han til Bergen for å ta seg arbeid. Gudbrand møtte der Knut Offerdalen, og for å gjere raske pengar, så byrja dei med myntforfalskeri. Dette gjekk bra ei stund, men i 1856 vart dei oppdaga. Kort tid etter at politiet hadde fått snusen i kva dei held på med, så drap Gudbrand Knut med 16 knivstikk. Mørstad-karen vart dømd til dødsstraff, og måtte sone på Akershus festning. På festningen arbeidde steinhuggaren Christopher Borch. Han gav Gudbrand to granittblokker og ei teikning av to løver. Med god hjelp frå ein annan straffange, så gjorde Mørstadkaren eit godt arbeid med å lage løvene. Diskusjonen gjekk – skulle Gudbrand Mørstad få kortare straff på grunn av sitt gode arbeid? I 1873 vart han benåda, og han flytta til USA.
Såleis er forteljinga om Mørstad-karen og Løvebakken.”
I undervisninga kan det vere nyttig å bruke lokalt stoff. Har du ei god historie kome med som eg kan nytte i historie eller samfunnsfag?
5 Nov
NRK.no har ei særs god nettside som heiter NRK SKOLE. Her kan ein mellom anna finne læreplanane i samfunnsfag, norsk og naturfag kopla opp mot sendte NRK-program. På www.nrk.no/skole kan ein finne mange relavante program om f.eks emnet KULTUR.
Når byrja arbeidsinnvandringa til Noreg i nyare tid? svaret på dette kan ein finne her:
http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/438788.
Kom gjerne med tips til andre gode klipp frå NRK.
Siste kommentarar